SognaCon (2025)
Sted: Sogndal Kulturhus, Sogndal, Norge 🗺️
Dato: 1. mars 2025
Del av: Other
Om kongressen:
Likar du gaming, manga, e-sport, cosplay, rollespel, anime, spelutvikling, brettspel, design, retrogaming, kortspel og liknande?
Velkomen til Sogn sitt første Con med mange GRATIS føredrag og show, rabatterte kinofilmar, stands, salgsbodar og ulike kurs!
SognaCon skal vere eit samlingspunkt for unge som interesserar seg for tema som anime/manga, cosplay, e-sport, gaming/retrogaming, spelutvikling, brettspel, rollespel, kortspel, bøker og meir. Dette vert ein arena for å skape nye venskap, knyte band med likesinna og oppleve fellesskap i ein trygg og inkluderande setting.
I tillegg vil arrangementet og gi vaksne og foreldre eit innblikk i ungdommens interesser og kanskje styrke familieband. Tidleg på dagen vil det vere aktivitetar som passar for alle, inkludert dei som er yngre enn 12-18 år, medan det utover dagen gradvis vil gå over i program for den eldre ungdomen, slik som live speling av mer intense rollespel, og filmar med høgare aldersgrense.
SognaCon 2025 vert arrangert av Sogndal Kulturhus, Sogndal Bibliotek og Sparebank 1 Sogn og Fjordane.
Vi har ikke hatt tilgang til programmet for denne kongressen, så oversikten over spill er kun basert på eksterne kilder, hukommelse, rykter og så videre. Derfor er den kanskje ikke komplett. Send oss en rettelse.
Arrangører
Lenker
Send inn rettelser om denne siden